Heima_logo_150dpi
- Kvam, Jondal og Samnanger
Foto: Braidablik

Magasinet HEiMA

HEIMA er eit samarbeidsprosjekt mellom Kvam Næringsråd, Norheimsund Næringslag og Øystese Næringslag. Det skal fokusera på næringslivet, tenester, tilbod, aktivitetar, historiar og menneska i Kvam, Jondal og Samnanger.

Bur du her? Har du hytte her? Skal du snart flytta heim her? Eller vitjar du ofte, eller av og til? Då er HEIMA magasinet for deg!

>> Følg med for gode tilbod, informasjon om tenester og produkt og ikkje minst, spennande artiklar om det lokale næringslivet og menneska bak det.

 

Les HEiMA-magasinet her!

HEiMA_forside%201%202019
HEiMA nr. 1 april 2019

Tidlegare utgåver

>> Klikk her for å lesa HEiMA nr 2 oktober 2018
>> Klikk her for å lesa HEiMA nr 1 mars 2018
>> Klikk her for å lesa HEiMA nr 2 oktober 2017
>> Klikk her for å lesa HEiMA nr 1 april 2017

Om magasinet

Magasinet har fått namnet HEiMA fordi dette er eit magasin for oss "her heima". Me som kallar Kvam, Jondal og Samnanger heima, anten du er busett her, har ei eller anna tilhøyring her og/eller går med ein framtisplan om å koma "heim igjen".

HEiMA er reklamefinansiert og over halvparten av sidene er artiklar med tekst og bilete som avspeglar både næringslivet og kulturtilbodet i Kvam, Jondal og Samnanger.
Bukken - ei kommunikasjonsverksemd står for design og utforming av magasinet, Norheimsund Trykkeri står for trykk.

Klikk her for annonsebestilling eller om du treng hjelp til å utforma ei synleg og god annonse.

HEiMA vert fulldistribuert til alle husstandar i Kvam, Jondal og Samnanger. Alle hytteeigarar får det tilsendt i postkassa og magasinet vert liggjande ute på turistinformasjonar, butikkar, kaféar og bensinstasjonar. Samla opplag er 9.000.

Får du ikkje HEiMA - magasinet i posten, me skulle gjerne ønska det?

Meld deg på adresselista ved å senda ein e-post til: knr@kvamnet.no


Ansvarleg redaktør:  Torleiv Ljones
Skribent: Brit Aksenes, Randi Jåstad og Arne Fykse.
Annonseansvarleg: Torleiv Ljones
Utforming: Bukken // Bukken.no
Trykk:  Norheimsund Trykkeri

Kontakt- og besøksinformasjon: 
e-post:  knr@kvamnet.no 
telefon:  Torleiv 913 47 997  
adresse:  Sjusetevegen 27, 5610 Øystese